torsdag 20. september 2012

Odda er best om hausten


Eg har ofte vore fortvilt over heimstaden min, Odda. Det føles ut som om plassen står stille. Når eg er i Bergen saknar eg Odda, men når eg kjem heim til Odda, så hugsar eg ikkje alltid heilt kva eg sakna.


Ei venninna av meg utalte i facebook-gruppa «Du veit du er i frå Odda når…» at:  «du har vekse opp i ein by som stadig har forfalt, ein by som berre lev ein gong i året, ein by som for det meste berre har dårleg publisitet, ein by som ikkje gjer noko med det. Personleg elskar eg Odda, og vil gjere alt her, men det verker som at alle er helden fast i fortida, og ikkje maktar sjå framover.»
Dette trur eg kanskje at mange kjenner seg igjen i.

Byen lev ein gong om året. Om hausten. 


Eg elskar å være heime i Odda om hausten. Først er det blueshelg og nokre veker seinare så er det litteratursymposium. Det kjem folk frå heile landet for å besøke byen, og Odda visar seg frå si beste side.



Denne helga er det blueshelg. Eg gler meg.

For eit år sidan, så var eg den heldige som fikk lage bluesplakaten!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar