Dublin er snart slukt av den keltiske tigeren. Dublin kan segle sin egen irske sjø. Dublin er fullstendig humørsjuk. Det regnar i Dublin, så flirar sola. Nokon kranglar i ei trapp, nokon jublar på ein pub. Ei hissig bilfløyte, eit kyss, ein blåveis. Alt på ein gong, regn og latter. Ha ha ha. Dublin er annleis. Dublin er rotete og uferdig. Dublin er kaotisk og anarkistisk. Dublin er skeiv og rar. Men Dublin kjenner seg sjølv. Ut og Inn.
Utdrag fra Dublin av Frode Grytten.
Ein dag skal han reise til Dublin. Ein dag skal han verkelig reise til Dublin. Reise fra regnet i denne byen, til regnet i Dublin. For i den byen finst det noko han framleis kan elske. Poesi, prek, musikk, øl, elva, havet, himmelen, folk som varmar seg på ein benk når sola enedelig finn det for godt å stikke hovudet ned gjennom skyene. Ein dag skal han gå ned dei skitne gatene, med frakkekragen oppslått, tenke at det gjerne er fortidlig med ei øl, lure på om han heller skal få seg eit ferskt gorgonzolas smørbrød på Davy Byrne's.
Seinare skal han sjå fotball på ein annan pub. Lese dagens aviser. Skrive nokre linjer. Høre sorlet frå alle som preikar Dublin blues. Stire inn vindauga i skrotebutikkane som e pynta med kaker, skinke og bacon. Drikke ei guiness borte på McDaid's. Falle inn i rytmen til denne byen, Dublinrytmen, kjenne korleis hjarte hans omsider har samme frekvens som Dublin. Ha ha ha
Utdrag fra Dublin av Frode Grytten
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar